Sjå dei faste fakturaene dine

Dersom du får faste fakturaer som kommunale avgifter, eigedomsskatt, barnehage m.m. frå Solund kommune kan du få oversikt over alle fakturaene på di eiga side. 

På same sida kan du óg søkje utsetjing elektronisk dersom det skulle vere naudsynt.

Du loggar deg på gjennom Id-porten (Minid, bankid, bankid på mobil m.m.)

Du må stå som fakturamottakar for å komme inn på sida

Dersom du til dømes eig ein bustad saman med ektefelle/sambuar vil du ikkje komme inn på sida dersom det er den andre som får faktura på t.d. kommunale avgifter i sitt namn.

Du vil heller ikkje finne tilfeldige fakturaer som t.d. byggesaksgebyr. I begge tilfella vil du få feilmelding.

Ta gjerne kontakt med økonomikontoret – tlf 57 78 62 00 dersom det er noko du lurer på.

 

Her finn du pålogging til fakturainnsyn