Organisasjonskart

Solund kommune er organisert etter ein 2-nivåmodell med administrasjonssjef og 5 sektorar.

Leiarane for kvar sektor utgjer administrasjonssjefen sitt leiarteam.

Solund kommunestyre vedtok hausten 2020 ny administrativ organisering, der mellom anna einingane skifta namn til sektor. Det vart oppretta ein ny sektor for samfunns- og næringsutvikling og nokre oppgåver og tenester vart flytta mellom sektorane.

Dei 5 sektorane er:

  • Oppvekst og kultur
  • Helse og omsorg
  • Plan og tekniske tenester
  • Samfunns- og næringsutvikling
  • Stab

 

Du kan sjå organisasjonskartet med fordeling av tenestene her (PDF, 105 kB)