Personvernerklæring

Personopplysningslova set dei formelle rammene for kva personopplysningar Solund kommune kan lagre og korleis Solund kommune kan forvalte desse. Offentleglova definerer retten til innsyn i den offentlege verksemda og kravet til postliste. 

Denne personvernerklæringa gjer greie for korleis Solund kommune samlar inn og behandlar personopplysningar. Administrasjonssjefen er behandlingsansvarleg etter personopplysningslova.

 


 

Personvernerklæring


 

Kontaktinformasjon


Personvernombod

Solund kommune har i samarbeid med fleire andre kommunar i Ytre Sunnfjord og Sogn (SYS-kommunane) tilsett personvernombod. Du kan kontakte personvernombodet om du treng hjelp eller det er noko du lurer på angåande kommunen sin lagring av personopplysningar eller personvern.

Personvernombod for kommunane i SYS er Carl Nyborg-Christensen. Kontaktinformasjon til personvernombodet er:

Epost: personvernombod@sysikt.no
Telefon: 952 01 004


 

Sentrale lover

 

  • Personopplysningslova regulerer kommunen sin behandling av personopplysningar.
  • Offentlegheitslova med forskrifter inneheld reglar for når eit dokument er offentleg tilgjengeleg, og når eit dokument skal unntakas offentlegheita. Solund kommune praktiserer meiroffentlegheit. Det vil seie at kommunen så langt det er mogleg vel at dokument skal vere offentleg.  Dokument som er offentlege er tilgjengeleg i postjournal på heimesida.
  • Forvaltningslova inneheld saksbehandlingsreglar for korleis saka din vert handsama. Som part i saka har du særskilde rettar, blant anna om innsyn i saka sine dokument.
  • Arkivlova gir reglar for korleis arkivskapar skal handsame og oppbevare saksdokument, og reglar for avlevering til arkivinstitusjon.
  • Helseregisterlova inneheld reglar om korleis helseopplysningar skal behandlast, dette omfattar korleis dei vert sikra, kven som har tilgang og om dei kan utleverast til andre.
  • Særlover
Amund Fuglebakk Aglen
Stabsleiar
Stab
Epost
Telefon 57 78 62 14
Mobil 40 49 29 08