Smånytt

Her vil du finne smånytt frå Solund kommune 

Ha ein trygg sommar!

Fleire sulingar har byrja å pakke til ferien, hytte-folket sit alle i bilane sine på veg mot 606, og bubilene står fast i dei krappe vestlandssvingene (dei kjem seg nok hit etter kvart dei òg). 

Etter ein vår med både haggel, vind, lyn og torden, regn og sol, er sommaren endeleg her.

Me håper på godt vêr og fine dagar på sjø og fjell for alle samen. Derfor vil me minna om at ein ting du kan gjere for å sikra deg ein god sommar er å orientera deg om kor i kommunen hjertestartarar er tilgjengeleg. Å vita kor ein kan finna nærmaste hjertestartar kan skilja mellom liv og død. For meir informasjon og lokasjon, besøk https://hjertestarterregister.113.no/ords/f?p=110:1. Har di bedrift ellast organisasjon ein godkjent hjertestartar kan du registrere den for offentlegheita via same lenke.

Om sommaren, spesielt i øyriket vårt, så tilbringast det mykje tid på og ved vatn. Derfor vil me også minne om at det er mogleg å låne redningsvestar frå BUA heilt gratis. Det er òg påbode å ha på redningsvest eller flytevest i båtar på under 8 meter som er i fart. Me anbefaler å ha på redningsvest uansett om båten er i ro eller ikkje, båtførar har også ansvar for at barn under 15 år har på eigna utstyr.

Ein veit aldri når eit illebefinnande kan treffe i vatnet eller om ein skulle vere uheldig å falla uti. Me tilrår òg alle som har ei bryggje til å sørgja for at det er lett å komma seg opp av vatnet, anten ved hjelp av ein badestige eller anna.

Gjennom Tryg forsikring er det også mogleg å melda seg som livbøyefadder, utan å vere kunde. Bøya sendast kostnadsfritt til fadderen, og Tryg erstattar øydelagde bøyer og tapt utstyr. Både privatpersonar, lag og organisasjonar, og velforeiningar kan søkje om å bli fadder. Meir informasjon finn du på https://www.tryg.no/om-tryg/samfunnsansvar/livboeyen/soek-om-en-livboeye/index.html.

Solund kommune ynskjer kvar og ein på øyane våre ein riktig god og trygg sommar!

Livreddningskurs for tilsette i Solund kommune 

I dag har fleire frå kommunehuset vore på livreddningkurs saman med ambulansepersonell i Solund!

Under kurset gjekk dei igjennom ulik teori som korleis sjå etter teikn på slag, korleis starta HLR når det er ei drukningsulykke, når skal ein ringja ambulansen (det er betre å ringja ein gong for mykje enn ein gong for lite), og meir.

Dei har òg gått igjennom praktisk læring på kompresjonsdukke og fått testa hjartestartar. Ein spennande og lærerik dag!

Tidlegare har barnehagen òg arrangert førstehjelpskurs for dei tilsetje, og foreldre. Eit flott initiativ for å sikre ein tryggare kvardag!

Og hugs: ring alltid 113 ved hjartestans, og start hjarte- og lungeredning; 30 komprisjoner og 2 innblåsninger, gjenta til ambulansen kjem.

 

Julemarknad i Hardbakke

Andre helga i desember vart det mykje liv og handel på Taklebua etter gamalt! 

NKKA stelte i stand julemarknad i Episenteret i samarbeid med Fjordkystparken og dei andre partnarane i Solund Kommune og Gjenbruket. 

Det kom i alt 159 personar innom for å handle, ete graut og vaflar og delta på aktivitetar for både born og vaksne!

I lokala til Kystkulturakademiet var det juleverkstad, med snekring av nissar🎅🏽 hus og knaggar.

Dei hadde fyr på bålpanna, og i lagerbygninga kunne ein dyppe sine eigne lys med rettleiing frå Magne og Henny. 7. klasse solgte skoleavis, og 9. klasse hadde kafé. 

I det gamle ishuset i Taklebua hadde Magne Hamre ny pop-up -utstilling, og det var mange stand med handarbeid, kunst, lokalmat, skinn, bøker og rekvisitter. 

Alle som var innom fekk eit lodd, og på slutten av julemarknaden trakk vi ein vinnar, som fekk eit heilt nytt bilete, donert av Magne Hamre.

Ein svært vellukka og kjekk dag! – Og tradisjon frå no av!🎄

Oppgradering av tursti til Sognesjøhytta
 


Stibyggeren AS har starta opp arbeidet med oppgradering av turstien til Sognesjøhytta. 
Stibyggeren AS har vunne oppdraget basert på utbetring av punkt på stien, og det vil difor ikkje bli gjort arbeid på heile stien. 

Stibyggeren AS er eit selskap som bygger tursti med «handemakt» og stein. 
Dei har lang erfaring med å lage turstiar med stein og drenere vatn, også i Norge. Blant anna har dei bygt steintrappeneopp til Stoltzekleiven og Ulriken i Bergen.  

Å sjå på korleis dette arbeidet vert utført kan vere eit interessant skue. Det er sjølvsagt ope for å sjå på at dei arbeider, men det vert oppmoda om at ein held avstand, slik at dei får utført arbeidsoppgåvene sine på ein god måte. 

Arbeidet vert utført av sherpaer frå Nepal. 
Sherpaer er et fjellfolk, og dei fleste kjem frå sør for Himalaya i Nepal. Dei har ein 1000 år lang tradisjon og erfaring med slikt arbeid. 

I arbeidsperioden, som vil vere om lag 4-6 veker alt utifrå været, må ein pårekne at ein stadvis må gå utanfor stien der arbeidet pågår. 

I samanband med arbeidet vil det bli helikopterflyigng to dagar frå Hardbakke/omegn og utover langs stien for å frakte ut stein i anleggsområdet. 

Vi gler oss til ny tursti og enda lettare tilgang til Sognesjøhytta!
 

 

Ny asfalt 

I veke 40 blei vegen opp til treningssenteret asfaltert! Det vart smil og godt jobba av heile gruppa.

 Arbeidet vart ferdig etter kun 2 dagar. Om du tek turen til treningssenteret eller sendebrettbana kan du kjenne etter om asfalten fortsett er varm! Og kanskje ein fin veg kan være med å gjere dørstokkmila ut på tur litt kortare…? Delar av Engevikvegen og Vaulenvegen er også blitt asfaltert. 

Vi gler oss over nytt vegdekke og lettare framkomst!