Kortvarig behov for hjelpemiddel

Har du behov for kortvarig lån av hjelpemiddel grunna sjukdom eller skade  kan du låne hjelpemidlar gratis hjå det kommunale hjelpemiddellageret.
Du må gjere avtale på førehand og gje informasjon om ditt fulle namn, adresse og fødselsdato.

Kva kan du låne?

Du kan låne følgande hjelpemidlar:

  • Arbeidsstol
  • Badekarbrett
  • Dusjstol
  • Krykker
  • Rullator
  • Rullestol
  • Underarm rullator
  • Toalettstol
  • Frittståande høgdestol til toalett

Hjelpemidla er ikkje individuelt tilpassa, men dekker eit generelt behov.
Det er ikkje garantert at alle typar hjelpemidlar er tilgjengeleg til ei kvar tid.

Kven kan låne?

Dersom du på grunn av sjukdom eller skade har eit midlertidig behov for hjelpemidlar for å meistre dagligdagse aktivitetar kan du låne hjelpemiddel. Behovet må være midlertidig, inntil to år. Du må være innbyggar i kommunen.

Kostar det noko?

Det er gratis å låne hjelpemidlar

Kor lenge kan du låne?

Du kan låne hjelpemiddel inntil to år. Dersom du har du behov for å låne hjelpemidlar lengre, må du kontakte kommunal ergoterapeut. Du vil då få hjelp til å søke hjelpemidlar for langvarig behov frå NAV Hjelpemiddelsentral.

Utstyr som ikkje er i bruk må leverast tilbake i reingjort stand så snart som mogeleg, slik at nye brukarar får nyte godt av tilbodet. 

Slik går du fram for å låne hjelpemidlar

  • Ta kontakt med den aktuelle kontaktpersonen (sjå kontaktinformasjon nedst på sida).
  • Informer om ditt fulle namn, adresse og fødselsdato (per telefon), samt grunngje ditt behov for hjelpemiddel.
  • Avtal henting ved det kommunale hjelpemiddellageret som er lokalisert ved Solund Helsetun, inngang i garasjen under omsorgshusværa.

Dersom du eller dine pårørande ikkje kan møte opp sjølv, avtal utlevering med kontaktpersonen.

Opplæring i bruk av hjelpemidlar

Kontaktpersonen kan gi deg nødvendig opplæring i bruk av hjelpemiddel, dersom det er ynskelig. Du har også sjølv eit ansvar for lære deg å bruke hjelpemiddelet.

Retur av hjelpemiddel

Du må sjølv sørge for at hjelpemiddelet blir levert tilbake til det kommunale hjelpemiddellageret, i reingjort stand. Ta kontakt for å informere om retur av hjelpemiddel og avtale mottak.

Dersom du eller dine pårørande ikkje kan levere tilbake hjelpemiddelet, ta kontakt for å avtale henting.

Ann Helen Kvamen
Fysioterapeut
Helse og omsorg
Epost
Mobil 40 03 48 33