Kva kan du låne?
Du kan låne frå eit stort utval hjelpemidlar. Døme på hjelpemidlar er
- alarm- og varslingshjelpemidlar
- elektrisk rullestol
- hygienehjelpemidlar
- sittesystem
- høyre- og syns-tekniske hjelpemidlar
Sjå kva du kan låne i Nav si Hjelpemiddeldatabase
Til vanleg vert det ikkje gitt støtte til hjelpemiddel du kan få kjøpt i vanlig handel, men du kan få støtte til ekstrautstyr, eller nødvendig tilpassing for å kunne ta hjelpemiddel i bruk.
Kven kan låne?
Du må ha langvarig og vesentlig redusert funksjonsevne for å kunne søke om hjelpemidlar. Funksjonsevna må vere redusert i meir enn to år.
Er behovet midlertidig, for mindre enn to år og til enkle hjelpemidlar, sjå lån av hjelpemidlar ved kortvarig behov.
Kostar det noko?
Det er gratis å låne hjelpemidlar ved langvarig behov, med nokre få unntak.
Du får hjelpemiddelet utlånt frå NAV Hjelpemiddelsentral, men nokre gonger vert det i staden gjeve tilskot til å kjøpe hjelpemiddelet sjølv.
Kor lenge kan du låne?
Du kan låne hjelpemiddel så lenge du har behov for det. Når hjelpemiddelet ikkje lenger er i bruk skal det leverast attende til NAV Hjelpemiddelsentral, den kommunale ergoterapeuten vil hjelpe til med tilbakelevering.
Utlevering av hjelpemidlar
Du kan hente sjølv
Hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral vert som regel levert via ergoterapitenesta i Solund kommune.
Ynskjer du å hente hjelpemiddelet sjølv, gi beskjed til den som hjelper deg å søke slik at du får beskjed når hjelpemiddelet er klart for henting.
Hjelp til utkøyring og montering
Dersom du ikkje kan hente hjelpemiddelet sjølv, eller det er krav til montering, vil tilsette frå ergoterapitenesta eller vaktmestertenesta levere og montere hjelpemiddelet heime hjå deg. Det vil bli gjort avtale med deg om tidspunkt for levering.
Opplæring i bruk av hjelpemidlar
Du vil få nødvendig opplæring i bruk av hjelpemiddelet av den som har hjelpt deg å søke om hjelpemiddelet. Du vil også bli følgt opp i bruken av hjelpemiddelet for å sjå om det er behov for justeringar, meir opplæring, eller om hjelpemiddelet dekkjer behovet ditt.
Reparasjon av hjelpemidlar
NAV Hjelpemiddelsentral og ergoterapitenesta har hovudansvar for at utlånte hjelpemidlar fungerer. Ved defekt hjelpemiddel, ta kontakt med kommunal ergoterapeut. Hjelpemiddelet skal være reingjort før reparasjon.
Retur av hjelpemidlar
Når du ikkje lenger har behov for eit hjelpemiddel skal det leverast til NAV Hjelpemiddelsentral. Ta kontakt med kommunal ergoterapeut for bistand av retur. Hjelpemiddelet skal være vaska før det vert returnert.