Helsestasjon for ungdom

Er du mellom 13 og 20 år, kan du nytte deg av helsestasjonen for ungdom som er ei tilleggsteneste til skulehelsetenesta.

Tilbodet er gratis og du treng ikkje bestille time, det er berre å møte opp.

Slik når du oss

Helsestasjon for ungdom (HSU) er open kvar torsdag kl 14.00 - 15.30. HSU har kontor i 2. etasje på Solund Helsetun

Kva kan du få hjelp til

  • Snakke med oss om til dømes personlege problem og andre utfordringar i kvardagen.
  • Rettleiing om  prevensjon og graviditet, gratis kondomar
  • Testar for seksuelt overførbare sjukdommar (kjønnssjukdommar eller graviditet).
  • Du har rett til gratis vaksine etter gjeldande barnevaksinasjonsprogram fram til du fyller 20 år. Dersom du av ulike grunnar ikkje har fått ein eller fleire av vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet til ordinær tid, kan du få dette på helsestasjonen.

 

Kven møter du på helsestasjon for ungdom?

Du møter helsesjukepleiar kvar torsdag og lege kvar tredje torsdag. Dei kan henvise deg vidare til fastlege, kommunepsykolog eller spesialist ved behov.

Alle fagpersonane du møter har teieplikt. 
 

Nyttige lenker og nettstader

Alarmtelefonen for born og unge

Ung.no

Sex og samfunn

Zanzu - info på fleire språk

Hilde Marit Nikolaisen Trovåg
Leiande helsesjukepleiar
Helse og omsorg
Epost
Telefon 57 78 62 82
Mobil 99 15 54 24