Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyret vert vedteke av Solund kommunestyre. NGIR krev inn gebyret

Renovasjonsgebyr 2025

Renovasjon
Type Beløp pr år
Ordinær renovasjon 5.400
Tillegg for stor restavfallsdunk 420
Rabatt restavfall kvar 4. veke -420
Rabatt heimekompostering -540
Hytterenovasjon 2.700

I renovasjonsgebyret inngår tømming av dunkar hjå hustandane, hyttekonteinarar og glas‐ og
metallkonteinarar, samt tilgang til faste og mellombelse gjenvinningsstasjonar. 

I tillegg kjem utstyr og forbruksmateriell som dunkar, biobøtter, bio‐ og tekstilposar, returplastsekkar og
kostnadane med vidare handsaming av avfallet.
 

Ordinær renovasjonstømming er:

  • matavfall kvar veke
  • restavfall 2. kvar veke
  • papir, papp og plast kvar 2. veke