Ytre Solund fleirbrukshus

Fleirbrukshuset i Straumen kan brukast gratis av frivillige lag og organisasjonar, og av andre ikkje-kommersielle tiltak i nærmiljøet. Dette er ein del av Frivilligstrategien til kommunen. 

Det er trappetilkomst til alle rom, og huset rommar allereie fleire faste aktivitetar.

Lokale til utlån

  • Møte- og selskapslokale til 25 personar
  • Kjøken med sofakrok med plass til ca 10 personar
  • Kontorplassar
  • Lager

Lokale til leige

Fleirbrukshuset har også fleire enkle og doble kontor til leige, etter nærare avtale. 
Kontora er nyoppussa, har nye hev/senk-skrivebord og kontorstolar, møtebord og div. anna kontorutstyr.  Kontora er lyse og trivelege, og har nett (fiber). 

Det er tilgong til m.a. kjøken.

Mona Hjønnevåg
Folkehelsekoordinator
Samfunns- og næringsutvikling
Epost
Telefon 57 78 62 43
Mobil 41 30 80 83