Kultur for trafikktryggleik

Solund kommune skal stimulerer frivillige lag og organisasjonar til å innarbeide retningslinjer for sikker transport i deira eiga verksemd. 

Eit av satsingsområda i trafikktryggleiksplanen er «Trafikksikker kommune». Dette er ei godkjenningsordning for kommunane, utvikla av Trygg Trafikk for å bevisstgjere kommunane på verdien av og bidra til eit systematisk trafikktryggingsarbeid på tvers av sektorar. 

Kriteria for godkjenning som «Trafikksikker kommune» byggjer på eksisterande lovverk og pålegg, og er ei hjelp til å systematisere arbeidet. I 2019 starta arbeidet med trafikktrygg kommune og samarbeid vart innleia på tvers av sektorane. Hausten 2022 vart Solund godkjent som trafikktrygg kommune. Tiltaka for å oppretthalde sertifiseringa Trafikksikker kommune, og å følgje opp ulike satsingsområde, spesielt i det førebyggjande arbeidet, kjem fram i handlingsplanen. 

Reisepoliycyen må kvart enkelt lag sjølv ta stilling til om dei vil nytte. 

Lenker: 

  • Trafikktryggleiksplanen - lenke
  • Kultur for trfikktryggleik i lag og organisasjonar - reisepolicy - lenke (DOCX, 19 kB)
  • Trafikksikker kommune - lenke