Solund Treningssenter

Har du lyst å trene på trimrommet på treningssenteret vårt? Du er hjarteleg velkommen.

Solund kommune opna Solund Treningssenter 02. august 2022 og kan endeleg invitere deg til å komme å trene. Treningssenteret består av eit trimrom med trimutstyr av studiokvalitet. 

Bygget er fortsatt i ferdigstillingsprosessen men kommunen meiner at bygget er klart nok for at det kan takast i bruk. Kommunen tek då atterhald om at trimrommet kan bli stengt i kortare periodar på dagtid i forbindelse med ferdigstillingsarbeidet.

Alle over 16 år kan teikne medlemskap.

Medlemskapen gjeld 6 månadar om gangen.
Korttidsavtale gjeld for ein månad. Dersom ein ynskjer ein lengre avtale må ein teikne ordinært medlemsskap.

Medlemmer over 18 år kan ta med seg inntil to personar mellom 13 og 15 år på treningssenteret. Desse trener gratis.

Alle medlemmar vil få utdelt nøkkelkort som vil gi dei tilgang til trimrommet gjennom heile opningstida

 

Informasjon medlemskap

Kontigentprisar Solund Treningssenter
Kategori Pris 6 mnd. Korttidsavtale 1 mnd
Vaksen Kr 1300,- Kr 300,-
Ungdom/Student Kr 400,- Kr 90,-
Ytterlegare informasjon Solund Treningssenter
Ytterlegare informasjon
Aldersgrense: 16 år
Barn 13 - 15 år går gratis ved følge av vaksen
Opningstider Kl. 05.00 - 24.00 kvar dag
For utdeling av nøkkelkort betalast Kr 100,- i depositum

 

Her kan du lese reglar for medlemsskap og bruk av treningssenteret (PDF, 78 kB)

 

Påmeldingskjema finn du her

Skjemaet må skrivast ut og signerast. Ta med skjemaet til servicekontoret så vi får registrert deg og du får utlevert nøkkelkort