Solundnytt og kva skjer

Informasjon til deg som er ung i Solund
 

Følg nyheitsbrevet Solundnytt

Ynskjer du å vite kva som skjer i Solund? 

Mange unge i eller frå Solund har ønska seg akkurat dette. Ein sjanse til å følgje med på kva som skjer i Solund. Også for deg som bur på hybel og studerer ein annan stad. Derfor har vi laga fleire nyheitsbrev til dei eldste klassetrinna på skulen, og til deg som er over 16 år og vaksen.

Det er saker om jobb og mogelegheiter i Solund, og kva som skjer på fritida som står øverst på ønskelista til unge mellom 12 og 24 år. I nyheitsbreva kan du derfor lese om dette og alt det andre som no skjer i Solund.

Abonnér

Abonnerer du, vil du få små og store nyheiter rett i innboksen. Inntil vi får påmeldingsskjema her, kan du sende ein e-post til oss som er kontaktpersonar og be om å få nyheitsbrev.

Tips eller skriv til oss

Vi tek svært gjerne i mot både tips, bilder og saker som du tenkjer kan vere kjekt for andre å lese om. Kanskje du vil fortelje om korleis det er å gå på vidaregåande skule i Austrheim. Eller om deg og jobben, eller det du gjer på i Solund. Ta gjerne kontakt.

Loftskroken

Følg med på foreningsportalen for opningstider

Monica Thune
Ungdomskoordinator
Samfunn og næringsutvikling
Epost
Mobil 98 44 40 28
Mona Hjønnevåg
Folkehelsekoordinator
Samfunns- og næringsutvikling
Epost
Telefon 57 78 62 43
Mobil 41 30 80 83