Deling etter jordlova

Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggjande ressurs for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Dersom eigaren av ein landbrukseigedom ynskjer å bruke dyrka jord til anna enn jordbruksproduksjon, må det søkjast om løyve.

Deling 

Dersom eigar av ein landbrukseigedom ynskjer å overdra delar av eigedomen til andre, til dømes ei tomt, må det søkjast om løyve deling etter jordlova. Søknad om løyve til deling av jordbrukseigedomar skal sendast til kommunen der eigedomen ligg.

Kommunen avgjer søknaden. Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland.

Slik søkjer du

Informasjon kjem

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om deling på Landbruksdirektoratet si nettside
 

Omdisponering

Dersom eigar av ein jordbrukseigedom ynskjer å omdisponere delar av dyrka eller dyrkbar jord, til dømes ved å setje opp bilgarasje, må eigar søkje om løyve til omdisponering. I utgangspunkt er det forbod mot å omdisponere dyrka eller dyrkbar jord, men kommunen kan gje dispensasjon i særlege høve.

Korleis søkje?

Du sender grunngitt søknad til kommunen. I søknaden må du opplyse om 

  • Kva som er føremålet med omdisponeringa 
  • Kvifor det er naudsynt å omdisponere
  • Storleiken på arealet du vil omdisponere.

Du sender med kart der arealet du ynskjer å omdisponere er avmerka.

Meir informasjon

Les meir om omdisponering på Landbruksdirektoratet si nettside

 

Driveplikt

Grunneigar har driveplikt på jordbruksareal. Jordbruksareal er fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Driveplikta kan oppfyllast ved å leige vekk jorda til andre. Jordleigeavtalen skal vere skriftleg, og gjelde for 10 år om gongen. Du skal sende kopi av jordleigeavtale til kommunen. 

Meir informasjon

Les meir om driveplikt på Landbruksdirektoratet si nettside


 

Lover og retningslinjer

Kjartan Nyhammer
Leiar plan og tekniske tenester
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 17
Mobil 95 91 74 71