Næringslån

Ta kontakt med Klar Bedrift AS for meir informasjon og før du søkjer om næringslån og næringsfond midlar. Søknader bør forankrast i samfunnsdelen til Solund kommune. 

Føremålet med næringslån

Etablerarar og bedrifter i Solund kommune har moglegheit til å søke om næringslån frå kommunen. Utlån etter  retningslinene skal bidra til næringsutvikling i Solund, i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande strategi for nærings- og samfunnsutvikling i Solund kommune. Næringslån skal nyttast til tiltak som aukar Solund kommune sin attraktivitet for folk og næringsliv og næringslån skal ha utløysande effekt for gjennomføringa. Lånet skal gå til bedriftsutvikling og skal ha utløysande effekt.

Løyving

Det kan gjevast lån til investeringar i bygg, maskiner og utstyr. 

Prioriterte målgrupper

Kvinner, ungdom og innvandrarar er prioriterte målgrupper ved tildeling av kommunale næringslån.

Søknad

Søknader om næringslån gjerast via www.regionalforvaltning.no. Søknadsfristen er løpande. 

Handsaming

Søknad vert handsama av formannskapet, så snart det er muleg med omsyn til sakhandsamingstid.

Det vert tildelt midlar i samsvar med Retningslinjer for kommunale lån til næringsverksemd i Solund kommune og føringar for desse. Søknaden vert også vurdert opp mot mål i samfunnsdelen, og korvidt prosjektet kan vere konkurransevridande. 

Aktuelle lenker