Solunddagane

Solunddagane er eit årleg arrangement som vert gjennomført i slutten av august. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Solund kommune og Solund Næringssamskipnad. 

Dette er eit arrangement der næringsliv, lag og organisasjonar, og kommunen, arangerer dagar som samlar både lokale og tilreisande. Det er vanleg at programmet innheld konsertar, kunstutstilling, dans og marknadsdag. På marknadsdagen er det gode mulegheiter for å treffe lokalt næringsliv og frivilligheita, naboar og folk ein snakkar med sjeldnare. Og ikkje minst er det mange mulegheiter for å kjøpe seg mat. 

Det er også her Solundprisen vert delt ut. 

Solunddagane 2024 vert arrangert 23. - 24. august

Aktuelle lenker:

Solundprisen

Irene Lambrechts Vaulen
Leiar frivillegsentralen
Samfunns- og næringsutvikling
Epost
Mobil 41 24 30 87