Skotpremie mink

Mink er ein framand art som er vurdert til å utgjere ein høg risiko for norsk naturmangfald

I Solund er minken eit trugsmål særleg mot sjøfuglbestandar, men kan óg vere eit trugsmål mot sjøaure i enkelte bekkar. Minken kan óg påverke andre artar gjennom konkurranse om den same føda, mellom anna kan den sterkt truga hubroen verte negativt påverka av slik konkurranse frå mink.

Solund har skotpremie på mink

  • Skotpremien er kr. 100 pr dyr - blir vurdert auka

Dette du må gjere for å få utbetalt skotpremie

  • All jakt og fangst må skje i tråd med gjeldande regelverk og jegaren må stå i jegerregisteret og ha betalt jegeravgifta dette må dokumenterast ved frammøte
  • Det er ein føresetnad at grunneigar har gitt skriftleg eller muntleg løyve før jakta tek til
  • Fire minklabba skal bindast saman for kvart individ, leggjast i ein gjennomsiktig plastpose og visast fram på kommunen sitt servicekontor. Det er lurt å tørke beina fyrst, eller oppbevare dei i frysar. Beina vert talde før utbetaling
  • Skjemaet under her må fyllast ut samstundes som labbar vert framvist
  • Det er ein føresetnad at dyret er lovleg skote i Solund kommune

Jakttider

  • For mink er det jakttid heile året
  • Viltlova har eit generelt forbod mot all jakt og fangst i tida 24.12 – 31.12, på langfredag, påskafta og 1. påskedag. I praksis skal alle fangstredskapar vere sett ut av funksjon. Fredningstida må overhaldast

 

Skjema for utbetaling av skotpremie kjem

Lenke til viltlova