Bygge sjølv utan bruk av fagfolk

Det fins nokre mindre byggearbeid som du kan søke om å bygge sjølv (søknad utan ansvarsrett).

Det betyr at du kan bygge, endre eller rive utan at du treng å bruke snikkar, murar og andre fagpersonar.

Du kan sjølv velje om du vil ta ansvar for å søke, prosjektere og utføre desse byggearbeida. Det kan for eksempel vere å bygge garasje, bod, terasse, levegg, gjerde eller støttemur. 

Du er sjølv ansvarleg for at det som blir bygd er i samsvar med plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter, arealplan og andre løyve. 

På denne sida vil du finne informasjon om å søke sjølv. Dersom du ikkje finn det du treng, ta kontakt med sakshandsamar for byggesak.

Kjartan Nyhammer
Leiar plan og tekniske tenester
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 17
Mobil 95 91 74 71