Oppmåling av eigedom

Har du fått frådelt ein eigedom må den oppmålast for at du skal få registrert den i eigedomsregisteret.

Det er du som eigar av eigedommen som søkjer om oppmåling

Kva oppnår du med oppmåling

  • Du får målt opp og merka eigedomsgrensa di, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er mogeleg.
  • Du får eit matrikkelbrev (målebrev) som viser den fastsette eigedomsgrensa.

Krav til søkaden

Søknaden må vere signert av eigar (heimeshavar). Ved ei grensejustering må alle involverte partar vere einige om kor grensa skal gå.

Kva kostar det

Her finn du gebyr for oppmåling (PDF, 574 kB)

Slik søkjer du

Fylgjande må sendast til kommunen:

Søknaden kan sendast i posten til:

Solund kommune
Hardbakke 26
6924 Hardbakke

Eller på e-post til post@solund.kommune.no

Når kommunen har motteke søknaden, tek vi kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling

May-Sissel Trovåg Strand
Ingeniør
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 10
Mobil 95 95 61 44