Feiing og tilsyn med branntryggleik

Feiarvesenet er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Masfjorden, Modalen, Gulen og Solund.

Feiaren si oppgåve er å sikra tryggleiken til innbyggarane og  at det ikkje oppstår sotbrann i skorsteinen.

Slik blir feiing og tilsyn utført

Det er ikkje lenger faste intervall på feiing og tilsyn. 

Tidlegare var det på bustadtilsyn kvart fjerde år, og feiing kvart andre år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. 

I utgangspunktet vert det ikkje utført feiing før tilsyn er gjennomført. Ein viktig del av tilsynet består av å vurdere behovet for feiing. Vert det avdekka behov, vil det verta varsla på nytt ved eit seinare høve.

Tilsyn og feiing blir utført av brannførebyggjarar som skal ha på seg uniform og ID kort.

Slik får du varsling om tilsyn og feiing

Varsling av tilsyn og feiing skjer via SMS som blir sendt ut i forkant av besøket. Dersom du har reservert deg for offentlege meldinger blir du varsla via brev i posten. 

Sms kjem ifrå eit langt telefon-nummer. Dersom du er usikker på meldinga kan du kontakta brannførebyggjar eller Masfjorden kommune, tenestetorget og får då ei stadfesting på at brannvesenet har sendt ut. Det er svært viktig for oss at det kjem svar på meldinga. 

Meldinga som kjem på sms vil sjå slik ut:

Bildet viser sms sendt frå brannvesenet - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Dersom brannvesenet ikkje får svar på meldinga, kjem dei heller ikkje på tilsyn.

Linken som ligg ved i sms treng ein ikkje gå inn på for å kunne svare, her ligg det berre meir informasjon om tiltaket som skal utførast.

 

 

Gebyr

  • Gebyret er rekna ut etter sjølvkostprinsippet og er rekna å gå i balanse i løpet av ein fire-årsperiode.
  • Gebyret vert kravd inn kvart år, også dei åra det ikkje er tilsyn eller feiing.

 

Gebyret for feietenesta skal betalast av alle som har omn knytta opp mot skorstein. Om omnen ikkje er i bruk, skal det uansett betalast gebyr. Der omnen er fjerna og plombert vert det ikkje kravd gebyr. Dette må kommunen få melding og dokumentasjon på.

Hugs at tryggleiken i bustaden er huseigar sitt ansvar.

 

Ved spørsmål om feiing og tilsyn, kontakt Masfjorden kommune på telefon 56 16 62 00,