Klage

Solund kommunestyret vedtok i juni 2014 å oppnemne ei klagenemnd for eigedomsskattesaker i Solund kommune. Dersom nokon ynskjer å klage på utskriven skatt skal det gjerast på 2 ulike måtar:

Klage på takst frå alminneleg taksering

Etter betre dokumentert klaga di er på at ditt takstforslag er i tråd med kva marknaden er viljug til å betale ved fritt sal, dess betre sjanse er det for at di klage kan verta etterkome.

Klagefristen er innan 6 veker etter utleggsdato, som regel medio april. 

Klaga skal sendast på mailadressa eigedomsskatt@solund.kommune.no.

Klage på takst frå formuesgrunnlag

Klagefristen følgjer same reglar som endringa av likning og du klagar ved å gjere endringar i di eiga skattemelding, vedlagt ei forklaring og dokumentasjon. Takstar som vert lagt med må vera av nyare dato.

Skatteetaten sender eventuelt nytt formuesgrunnlag til eigedomssskattekontoret, som igjen syter for oppretting av eigedomsskattetaksten.

Du kan lese meir om klage i eigedomsskattelova