Om eigedomsskatten

Solund kommunestyre vedtok i desember 2012 at det skulle innførast eigedomsskatt i Solund kommune frå og med år 2014.

Eigedomsskatten vart vedteken til å gjelda for faste eigedomar i heile kommunen, unnateke verk og bruk og annan næringseigedom. Det er såleis berre heilårsbustader og fritidsbustader som må betale eigedomsskatt

Eigedomsskattelova ligg til grunn for alle vedtak knytt til innføring og utskriving av eigedomsskatt i Solund kommune.  Likehandsamingsprinsippet er eit overordna viktig prinsipp som nemnda skal handheva etter denne lova.

Utlegging av skattelister 

Skattelistene vert sendt til eigarar av bustad og lagt ut til offentleg ettersyn innan 1. mars kvart år

Utsending av faktura

Faktura for innbetaling av eigedomsskatt vert pr i dag sendt ut 2 gonger i året, som regel i juni og i desember.

Dette kan verte endra til 4 gonger i året seinare.

Lovgrunnlag

Eigedomsskattelova av 29. juni 1975