Om skattelistene
Skattelistene viser dei skattepliktige eigedomane sine matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), takstgrunnlaget, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp. Skattelistene er lagde ut på Solund kommune sitt servicekontor og her på Solund kommune si nettside.
Her finn du skattelister for 2024 etter fomuesgrunnlag (PDF, 437 kB)
Her finn du skattelister for 2024 etter alminneleg taksering (PDF, 339 kB)
Her finn du fritaksliste 2024 (PDF, 217 kB)
Om skattesetlane
Skattesetlane vert sendt via digital post. Dei som ikkje har tatt i bruk si digitale postkasse, får skattesetelen via Altinn. Om ikkje skattesetelen er lest i Altinn innan 2 dagar kjem dei som vanleg post. Eigarrepresentanten må syte for å orientere sine medeigarar om utskriven skatt, dersom ynskjeleg.
Faktura
Faktura vert skriven ut 2 gonger i året; - i juni og desember. Fakturaen vert sendt til eigarrepresentanten eller til rekningsmottakaren der dette er meldt inn særskilt. Vi ynskjer at flest mogleg nyttar e-faktura som betalingsmåte. Det er rimelegast for både skatteytar og kommune.
Skatt under kr. 300,- vert ikkje kravt inn.
Klage
Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, så sant det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.
MERK! Skattetaten er rette klageinstans for alle bustadeigedomar der skatteetaten sin bustadsverdi (formuesgrunnlag) er lagt til grunn for utrekna skattetakst. Du melder sjølv inn endring på skatteetaten si nettside.
Her finn du lenkje til skatteetaten si nettside for endring av formuesgrunnlag på bustaden din.
Hugs å legge ved dokumentasjon
For andre spørsmål og klager skal eigedomsskattekontoret i Solund kommune kontaktast.
Alle klager må vera skriftlege og påstandar må vera godt dokumentert. Om du meiner noko er feil, så er det størst sjanse for medhald i ei klage på takstnivået, om klaga er godt dokumentert og aller helst vedlagt ein alternativ takst, og då av nyare dato.
Klagefristen er 6 veker rekna frå 28.februar – det vil seie at klaga må vera datert seinast 10.04.2024.
Kontaktinformasjon
For spørsmål angåande takst etter Skatteetaten sine formuesgrunnlag/bustadverdiar, kontakt Skatteetaten
Telefon: 800 80 000
Postadresse:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønnland
0134 Oslo
For andre spørsmål, kontakt eigedomsskattekontoret i Solund
Telefon: 57 78 62 00
E-post: post@solund.kommune.no
Postadresse
Solund kommune
Hardbakke 26
6924 Hardbakke
Du finn meir informasjon og skatt på eigedom og bustad på skatteetaten si nettside