Barnerepresentant planar

I Plan- og bygningslova § 3 - 3, 3. ledd står det at: Kommunestyret skal sørge for å etablere en særskilt ordning for å ivareta barn og unges interesser i planleggingen.

I Solund har dette vore ivareteke av ein barnerepresentant.

Barnerepresentanten skal delta i kommunen sitt faste planutval og har møte- og talerett i møta. Barnerepresentanten skal sikre at barn og unge sine interesser vert ivareteke i arealplanlegginga.

Dette gjeld saker som mellom anna omhandlar

  • leikeareal
  • opphaldsareal
  • barnehageplanlegging
  • skuleveg

Representanten skal ikkje vere eit generelt barneombod, den skal konsentrere arbeidet om barn og unge sine interesser i arealplanlegging.

Barnerepresentanten kan til dømes ta initiativ for å engasjere barn og unge i arbeidet med kommunen sine planar.

Barnerepresentant og vara for perioden 2019 - 2023

Barnerepresentant planarbeid 2019 - 2023
Funksjon Namn E-post
Barnerepresentant Sandra Stølen sandra.stolen@solund.kommune.no
Vara representant Jolanta Gåsvær


Nyttige lenker

Rettleiar for barnerepresentanten (PDF, 631 kB)

Plan- og bygningslova