Kommunekart og Solund kommune sin kommuneplan

Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument og inneheld mål og retningsval for kommunen sin utvikling. Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Planen vert utarbeidd for ein periode på 12 år og det vert vurdert om den skal revidertast kvart fjerde år. Solund kommune er i prosess med å revidere kommuneplanen sin samfunnsdel.

Kommuneplanen, som gjeld for heile kommunen, er sett saman av fylgjande hovuddelar:

ein samfunnsdel som gjev mål for utviklinga i kommunen og retningsliner for sektorane si planlegging og aktivitet

ein arealdel for forvaltning av areal og andre naturressursar for heile kommunen. Arealdelen er sett saman av eit plankart og ein tekstdel med føresegner og retningsliner for arealbruken.

Kart

Kommuneplanen er det øvste styringsdokumentet i kommunen sitt styringssystem. Det skal gje rammer for kommunen sine planar og tiltak, og planar for bruk og vern av areal i kommunen. Kommuneplanen inneheld ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommuneplanen gjeld ikkje berre kommunen si eiga verksemd, men skal fange opp dei omsyn som er viktige for utvikling av kommunesamfunnet og forvaltninga av arealressursane.

Prosessen for kommuneplanen

Planprosessen var lang ved førre revisjon, men  Solund kommune fekk på plass ein kommuneplan som løyser det meste av det som var oppdraget, både knytt til forventningar og føringar frå nasjonalt og regionalt hald, men også i Solund kommune sine eigne føringar; planprogrammet og førre samfunnsdel. Det er nokre ting som ikkje vart løyst i denne runda, sett både frå Solund kommune si side og frå Statsforvaltaren i Vestland si side, på arealsida. 

Planlegging er ein kontinuerleg prosess. Som førebuing til neste revidering av arealplanen vert det oppmoda om å komme med gode idear til ei kvar tid. Det er skilnad på ide og konkrete planar, og det er dei konkrete planane for dei næraste få åra som kan innarbeidast ein kommuneplan. Med omsyn til god sentrumsutvikling, nasjonale forventningar og natur- og klimakrisa, så vert fellesanlegg for naust og småbåtanlegg/flytebryggjer, samt fortetting i sentrumsområde eit tema.

Kva skjer no?

Planprogrammet for samfunnsdelen har vore på høyring og skal vedtakast. Eit planprogram legg rammer for gjennomføring av revisjonen, inkludert medverknad, prosess, organisering, kva tema som skal reviderast for, med meir. I planprogramet er det til dømes lagt opp til å gjere små endringar i gjeldande samfunnsdel. 

Kommuneplanen har rettsverknad

Kommunestyret sitt vedtak inneber at kommuneplanen får rettsverknad, og skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging i samsvar med plan- og bygningslova (1985) §20-6. Plan- og bygningslova §21 har føresegner om innløysing og erstatning.

Kommuneplanrevisjon 2024

Ein kan følgje framdrifta i innsyn (lenke).

Gjeldande kommuneplandokument 2020 - 2032

Merk: Karta i PDF-format er store filer og kan ta fleire minutt å laste ned. 

Rettleiingar til kommuneplandokumenta

 

Har du spørsmål til kommuneplanen?

Arbeidet med kommuneplan for Solund kommune er ein kontinuerleg prosess. Har du spørsmål om kommuneplan for Solund kommune, ta kontakt med: Rådgjevar for samfunns- og næringsutvikling: Anne Kristine Dyrdal

Spørsmål knytt til byggesak rettast til: Rådgjevar på plan og tekniske tenester: Kjartan Nyhammer