Enkle møteplassar eller småtreff for vaksne

Kan ditt lag vere med å lage enkle møteplassar eller småtreff for vaksne? Slike treff er ynskja.

Då kan kommunen sponse kaffien og rømmegrauten i år.

Visste du at det arbeidet lag og organisasjonar gjer, kan vere avgjerande for andre sin trivsel? 

Difor kan de for 2025 søkje kommunen om tilskot delfinansiert frå Vestland fylkeskommune til å lage enkle møteplassar rundt om i Solund.

Målet er å setje i gang enkle småtreff, som ikkje krev anna enn at ein låser opp ei dør, møtast inne/ute, og evt. tar med medbrakt kaffi/matpakke.

Treffa kan ein fylle med ulikt innhald som ein vil. T.d.;

  • Quiz-kveld
  • Gåtur-grupper
  • Forfattarkveldar/bokslepp
  • Kulturkveldar
  • Spelkveld
  • Gubbetreff
  • Prat

Kva det kan søkjast midlar til

Midlane kan gå til forbruksvarer, enkel bevertning, transport og liknande, men ikkje til anlegg og utstyr. Om lag 50% av innsatsen bør vere laget sin eigen innsats, eller lån av gratis lokale frå kommunen jf. Solund kommune sin frivilligstrategi. Gratis lokale finn de p.t. i Fleirbrukshuset i Straumen og Gjenbrukskafeen på Hardbakke. Sjå gjerne Foreningsportal.no for ikkje å kollidere med andre treff gjennom året.

Er du privatperson med ein god ide, kan du søkje med eit passande lag.

Send kortfatta søknad med hovudpunkta under og budsjettforslag innan 1. april 2025 til post@solund.kommune.no. Eller til Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke. Merk søknaden: Folkehelsekoordinator møteplassar.

  1. Kort om treffa, ca.-tidspunkt, ca. kor mange og kor ofte
  2. Antek ein at tiltaket vil fortsetje utover 2025?
  3. Søknadssum
     

Utbetaling skjer ved innsending av bilag, bilde som evt. deltakarane har godkjent å vere med på og 1/2 side om gjennomført treff innan 30.11.2025.

Viss restmidlar etter 01.042025, kan det vurderast å tildele midlar fortløpande.

 

Kontaktperson: Mona Hjønnevåg, Mona.Hjonnevag@solund.kommune.no, telefon 577 86 243.