Kikhostevaksine til gravide

Frå 02.05.2024 får gravide tilbod om gratis kikhostevaksine.

Vaksina er ein del av barnevaksinasjonsprogrammet og gjer vern til spedbarn fram til dei sjølv vert vaksinert ved 3 månaders alder.

Det vert anbefalt å ta vaksina i svangerskapsveke 24 og den vert gitt på svangerskapskontroll hos jordmor.

Gravide frå Solund som går til svangerskapsoppfølging hos jordmor i Florø vil få tilbod om vaksina der.
Gravide som kun går til lege får vaksina hos fastlegen eller på helsestasjonen etter avtale.

Her finn du meir informasjon om kikhostevaksine på fleire språk.