Kom med forslag til prisvinnar 2024!

Kven syns du burde få årets Solundpris? No kan du sende inn forslag på bedrifter eller personar som du synest har gjort ein ekstra innsats for det lokale næringslivet. Frist for innsending av forslag er 20.07.2024.

Solundprisen er oppretta av Solund kommune, Sparebanken Sogn og Fjordane avdeling Solund og Solund Næringssamskipnad, og er ein kombinasjon av ein gjenstand og ein pengesum til ein verdi av 15.000 kr. Juryen er sett saman av ein representant frå kvar av dei partane og prisen vert vanlegvis delt ut kvart år på Solunddagane i slutten av august. Årets vinnar vert offentleggjort og heidra på Sounddagane laurdag 24. august. 


Føremålet med prisen er å gje honnør til verksemder, institusjonar eller einskild personar som siste året, eller over lengre tid, har gjort ein ekstra innsats for å utvikle næringslivet i Solund, enten gjennom eiga verksemd og/eller ved å legge tilhøva til rette for andre. 


Juryen skal ved val av prisvinnar gje ei grunngjeving for valet. Minst eitt av følgjande kriterier skal inngå i vurderinga. Prisvinnaren må ha:
•    Vist særskilt evne til nyskaping
•    Vist særskilt evne til utvikling av eksisterande verksemd
•    Vist særskilt evne til å ta i bruk ny teknologi
•    Vis særskilt evne til å nytte lokale ressursar og lokale føremoner
•    Vist særskilt evne til positiv utvikling av lokalsamfunnet
•    Vist særskilt evne til å skape arbeidsplasser til kvinner og ungdom
•    Små prosjekt er like bra som store
Kom med forslag til prisvinnar. Send inn ditt forslag med grunngjeving til Solund kommune enten på e-post eller i posten. Merk e-post/ brev med «Solundprisen 2024». Alle innspel vert handsama konfidensielt.
 

E-post:
anne.kristine.dyrdal@solund.kommune.no
 

Postadresse:
Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 HARDBAKKE
 

Frist for innsending av forslag er 20.07.2024.