Lokalsamfunnet inn i skulen

4.-6.oktober fekk elevane på Solund barne- og ungdomsskule nokre litt annleis skuledagar. I samband med at dei aller fleste lærarane hadde studiedagar og var bortreiste, tok andre tilsette i Solund kommune, i samarbeid med lokalt næringsliv og nokre lag/organisasjonar, ansvar for undervisninga.

Ordførar Gunn Åmdal Mongstad underviser på ungdomskulen  - Klikk for stort bilete

Målsetjinga for dagane var at elevane skulle få bli betre kjende med lokalsamfunnet sitt og at andre tilsette i kommunen skulle få bli betre kjende med elevane og skulen.


Samla sett inneheldt dagane opplegg der elevane fekk bli kjende med nokre av tenestene i kommunen, m a var dei på vassverket, brannstasjonen, kommunehuset og dei fekk vere med og gjennomføre eit lite kommunestyremøte saman med ordførar. Klassane hadde ulike opplegg, og nokre besøkte Sulefisk, Steinsund gard, Fjordane Friluftsråd, NKKA sitt villsauprosjekt, BKK sin base, og ei klasse fekk også opplæring i elektrisitet frå HAFS Elektro. 

På mellomsteget fekk elevane delta i aktivitet for dei eldre på Solundheimen, i barnehagen, saman med fysioterapeut og helsesjukepleiar, og nokre av elevane fekk vere med og førebu felleslunsj saman med kokkane på Solundheimen. Dei øvste klassane fekk møte to aktive lag i Solund, Solund skyttarlag og Solund karateklubb. Fredag var det felles lunsj, der elevane også fekk orientering om korleis det nye skulebygget skal bli.


Det vart tre kjekke, interessante men også travle dagar! For alle som deltok i opplegget vart det også ei god innføring i korleis kvardagen på skulen kan arte seg for dei tilsette. 
Solund har ein utruleg flott gjeng elevar, og eit lokalsamfunn som gjerne er med på å gje desse god ballast på veg mot vaksenlivet. Dette ligg det gode moglegheiter for å arbeide vidare med.