Medlemsskap i Solund treningssenter 2. halvår 2024

Faktura for medlemsskap for 2. halvår 2024 vert sendt ut i desse dagar. 

Som tidlegare gjeld fylgjande:

  • Nøkkelkortet må aktiverast for ny periode på kommunehuset 
  • Fakturaen må vere betalt før nøkkelkortet vert aktivert

 

Inngangen til treningssenteret vil bli flytta til døra mot fotballbana, dette for å ha tilgang til skohyller, knaggar m.m. slik at ein m.a. kan byte til innesko før ein går inn til treningsøkta. Det kan difor vere lurt å vente til 2. halvdel av juni med å aktivere nøkkelkortet for ny periode. Meir informasjon om dette kjem når endeleg avklart. 

Faktura vert sendt ut så tidleg at dei som ynskjer å avslutte medlemsskapen kan gjere dette innan oppseiingsfristen som er 1 månad. Fakturaen vert då kreditert.