Oppfriskingsvaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio

Det siste året har det vert aukande tilfelle med kikhoste i Norge.

Kikhoste kan gje alvorleg sjukdom hos sårbare grupper og Solund kommune går derfor ut med tilbod om vaksinering etter råd frå FHI.

Anbefalingar frå Folkehelseinstituttet (FHI) juli 2024:

  • Vaksne som ikkje tidlegare er vaksinert med 3 doser vaksine mot difteri, tetanus, kikhoste og polio (grunnvaksinasjon) bør sørgje for at dei får det.
  • Alle personar som er grunnvaksinert mot tetanus, kikhoste og polio bør få ei oppfriskingsdose kvart 10. år.
  • Oversikt over dine vaksiner finn du på «Mi side» på Helsenorge.

 

Alle gravide får tilbod om gratis vaksine (kombinasjonsvaksine) i veke 24 eller etter vurdering. Det gjev barnet god beskyttelse dei første levemånadane. Alle svangre får tilbodet uavhengig av tidlegare vaksinasjonsstatus.

Sjå informasjonsskriv til gravide frå FHI her

Hugs at alle som har fullgod vaksine-dekning, er med på å beskytte sårbare grupper, som nyfødde og småbarn, og bidrar til å unngå større utbrot av sjukdommen.

Kvar kan eg få vaksine?

Du kan bestille vaksinasjon på legekontoret eller helsestasjonen, og på utvalde apotek.
Du må sjølv betale for vaksina.