Bok eit mobilprosjekt fullført
Det var feststemning då Solund kommune og Telenor nyleg markerte at endå eit mobilprosjekt er fullført. Utbyggjinga skjer i samarbeid mellom kommunen og Telenor, og er mogleg takka vere statlege tilskot.
– Solund satsar mykje på å legge til rette for næringsutvikling og at kommunen skal vere ein god stad å bu og arbeide. For å lukkast med dette treng ein god kommunikasjon, så vel fysisk som til dømes mobil- og breibandssamband. Samarbeidet med Telenor er ein sentral del av dette arbeidet, seier Gunn Åmdal Mongstad, ordførar Solund kommune.
Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor skryt av Solund sin vilje til å satse på gode kommunikasjonsløysingar.
– Ein kommune med fleire øyer enn innbyggarar er krevjande å gje gode mobilløysingar. Men i Solund er det ei offensiv haldning til at dette skal vi få til. Vi i Telenor ser at det er stadar som krev mykje arbeid å kome til med gode løysingar, men vi gjer det vi kan for å gje flest mogleg gode mobiltilhøve, seier Amundsen.
Fakta om mobildekning i Solund
I november 2019 signerte Solund kommune og Telenor Norge intensjonsavtale om fleire samarbeidsprosjekt for utbetring av mobildekning i Solund kommune.
Intensjonsavtalen innebar at kommunen sørger for naudsynt godkjenning frå grunneigarar og kraftframføring. Telenor etablerte mast, hytte, antenner, kablar, samband og radioutstyr.
Fylgjande samarbeidsprosjekt er ferdige:
- Krakhella, sett i drift 4. november 2020.
- Klovedalsheia, sett i drift 18. november 2022.
- Dynga, sett i drift 25. november 2022.
- Øykefjellet, sett i drift 8. desember 2022.
- Storehaugen, sett i drift 28. mars 2023.
- Gygra, sett i drift 13. juli 2023.
Snorklipping på Utvær. Frå venstre: Dekningsdirektør Telenor Bjørn Amundsen, ordførar Gunn Åmdal Mongstad og kommunedirektør Jen-Eivind kobbeltvedt