Dette skal feirast 28. april, i samband med Fjordkysten sitt årlege parkmøte. Dagen vil by på besøk frå fjern og nær som skal delta på synfaring og båttur rundt i parken. Det vert også opningsfest for medlemmar, partnarar og inviterte gjestar i Hardbakke Grendahus.
Dette er ein stor dag for ikkje berre Solund kommune og dei dyktige pådrivarane bak Fjordkysten, men heile regionen!
"Verken regionalparkar eller geoparkar er så kjende parktypar i Noreg, men er svært vanlege i Europa. Desse parkkonsepta skil seg frå nasjonalparkane ved at ein unngår eit osteklokkevern, og heller ser på nytteverdien av at menneske har ei viktig rolle i å ta vare på natur- og kulturverdiane. Fjordkystparken er ei samarbeidsplattform mellom innbyggjarane, næringsverksemdene, frivillige lag og organisasjonar, skulane, musea, universiteta, kommunane og fylkeskommunen." (Fjordkystparken)
Fjordkystparken strekkjer seg gjennom HAFS-kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll og delar av Sunnfjord, og er Noregs einaste kombinerte regional- og geopark. Elles i Noreg finn ein kun fire UNESCO Global Geoparks.
Gratulerer til alle dei som har jobba med å få dette til!
I denne lenka finn du kart over heile fjordkystparken