Solund kommune har inngått medlemskap med Ovasjon

Medlemskapet har som primærføremål å gje Solund kommune og aktuelle aktørar i kommunen tilgang til Ovasjon-programmet. Utover primærføremålet vil medlemmet bli synlege overfor den målgruppa som Ovasjon har berøring med - både tidlegare og framtidige deltakarar, samt høve til å delta i nettverksaktivitetar arrangert av Ovasjon

Om Ovasjon

Ovasjon er eit nasjonalt kompetanse- og utviklingsprogram for kunst-, kultur- og kreative entreprenørar som kan hjelpe målgruppa med å spisse sine kommersielle ferdigheiter samt å få enkel tilgang til kunnskap og nettverk som er relevant i høve utviklinga av deira entreprenørprosjekt.

Ovasjon har som ambisjon å bidra til at flest mogeleg skal kunne skape ei økonomisk bærekraftig verksemd basert på sine kreative og kunstneriske ferdigheiter.

Medlemskapet har mål om å:

  • Auka kommersiell og forretningsmessig forståing utan at ein kompromitterer kunsten og det kreative
  • Bidra til økonomisk bærekraftige kunst-, kultur- og kreative verksemder
  • Bidra til raskare vekst for dei som har potensiale, herunder kopling mot andre miljø og støtteprogram - til dømes Kulturnæringshagae, Innovasjon Norge m.m.
  • Styrke nettverk mellom deltakarar og mellom deltakarar og mogelege samarbeidspartnarar og kundar

 

Du finn meir informasjon og påmeldingslenke på Ovasjon sine nettsider - her er lenke til sida

Har du spørsmål kan du ta kontakt med leiar for samfunns- og næringsutvikling Gudrun Kristin Fatland

Telefon: 902 88 824 eller e-post: gudrun.kristin.fatland@solund.kommune.no