Solund treningssenter - medlemsskap og nøkkelbrikker

Det vert i desse dagar sendt ut faktura for medlemsskap i Solund treningssenter fyrste halvår 2025

Samstundes kjem vi med ei oppmoding om å levere inn nøkkelbrikker som ikkje er i bruk

Aktive medlemsskap

Alle som har betalt medlemsskap til og med 31.12.2024 vil få tilsendt faktura for fyrste halvår 2025 med forfall 08.12.2024

Vi minner om at:

  • Nøkkelkortet må aktiverast på kommunehuset for ny periode som tidlegare
  • Fakturaen må vere betalt før nøkkelkortet vert aktivert
  • Oppseiingsfristen er 1 månad, oppseiing skal skje skriftleg til post@solund.kommune.no 

 

Inaktive nøkkelkort

Ved ein gjennomgang ser vi at det er ganske mange nøkkelkort vi ikkje har fått innatt etter at medlemsskapen er avslutta. Dette gjeld både korttids- og langtidsmedlemsskap. Depositumet vert refundert ved innlevering av nøkkelkort.

Ein kan innkassere depositumet påfylgjande måtar:

  • Levere nøkkelkortet på kommunehuset (resepsjonen)
  • Legge det i ein konvolutt i kommunen sin postkasse på høgre sida av inngangsdøra til biblioteket
  • Sende det i posten til Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke
  • Oppgje kontonummer for innbetaling av depositum uansett kva måte ein leverer nøkkelkortet på