Stenging av Rørdalsfjord bru

Vestland fylkeskommune planlegger tiltak på Rørdalsfjord bru i perioden veke 36 - veke 38. Tiltaket medførar at brua vert stengt i perioden.

Noko av arbeidet er væravhengig og tidsperiode kan bli justert etter forholda. Me håper at arbeidet blir utført så fort mulig og at brua kan åpnes innan perioden som er framlagt.

 

Vestland fylkeskommune har tett dialog med Skyss og Solund kommune for å kunne få til eit opplegg for tilkomst til Trovåg/Nåra/Haldorneset/Hardbakke. Det kjem meir informasjon om dette når detaljane er avklart.

 

Vestland fylkeskommune beklager ulempene dette medfører til dei aktuelle som nyttar dette vegnettet.

 

Sjå https://www.vestlandfylke.no/rordal for meir informasjon.

 

Ruteendringar

Stenginga medfører endringar i ruteopplegget. Sjå skyss sine heimesider for meir informasjon.

 

Renovasjon

NGIR melder at det ikkje vert henta avfall i dei aktuelle vekene. Syt difor for at alle bossdunkane er tømde før brua stengjer. Når hentinga startar opp att kan ein sette ut ekstra bossekkar, men unngå å blande ulike fraksjonar i same sekken (t.d. ha ein ekstra returplastsekk for papir og papp, og ein for plast). Ved særskilte behov kan felleskonteinarar på “fastlandssida” nyttast i perioden.