Høyring på plan for trafikktryggleik

Du kan komme med innspel til tiltak som gjeld trafikktryggleik i Solund der høyringsfristen er 25. oktober 2024.  

Kvifor ein plan?

Solund kommune treng ei at trafikktryggleiksarbeidet er tema i kommunal plan for å kunne søkje om tilskot til tiltak. Ein plan bidreg også til prioritering av tiltaka som er naudsynt og gjer det lettare å oppretthalde status som Trafikksikker kommune.

Kommunen er ein viktig aktør i arbeidet med å førebyggje trafikkulukker. For å lukkast med trafikktryggleiksarbeidet, må det skje i alle sektorar i kommunen og det må vere forankra i den politiske og administrative leiinga. Det er også avgjerande med godt samspel mellom offentlege myndigheiter, frivillige organisasjonar og privatpersonar. Temaplan for trafikktryggleik («trafikktryggleiksplanen») skal bidra til å samordne arbeidet og styrke den kommunale innsatsen på området, i samarbeid med ei lang rekke andre aktørar. 

Vestland fylkeskommune avgjer kva tiltak som skal gjennomførast på fylkeskommunale vegar, i tillegg til at fylkeskommunen har delvis mynde på kommunal veg. 

 

Innspel og tiltak så langt i planarbeidet: 

Det vart opna for innspel til planarbeidet ein periode i 2018 - 2022, og det er desse innspel som er handsama i planframlegget. Innspela til planarbeidet er vurdert etter ( kap. 5.3.1 i planframlegget) om det er relevant for denne planen, om innspelet er av nyare dato (etter 2018), i tråd med nasjonale og regionale føringar, i tråd med lokale føringar, trafikkmengda i området for tiltaket og konsekvens. Vurderinga av innspel og tiltakslista ligg i vedlegget til planen. 

Tiltaka i planen er delt inn i tre typar: 

  • Åtferd og haldningar
  • Organsiering
  • Fysiske tiltak

 

Plandokument

Trafikktryggleiksplan (PDF, 2 MB)

Politisk sak om høyring (PDF, 111 kB)

Innspel fram til 2022 (PDF, 319 kB)

 

Sende inn innspel til trafikktryggingsplanen

Det er ope for å komme med innspel til planen, inkludert dei tre typane tiltak. Send innspel merka “Trafikktryggleiksplan” via e-post eller post:

post@solund.kommune.no 

Solund kommune
Hardbakke 26
6924 Hardbakke eller 

Plandokumentet finn du også i resepsjonen til Solund kommune. 

 

Melde inn forslag til trafikksikringstiltak på fylkeskommunal veg

Alle kan melde inn forslag til trafikksikrings tiltak til vetland fylkeskommune på fylkeskommunal veg. Innspel og forslag til fysiske tiltak kan vere ønskje om endra fartsgrense, fartsregulerande tiltak, gangfelt eller sikring av kryssingspunkt, veglys, rekkverk og tiltak mot utforkøyring, fortau og tilbod til mjuke trafikantar, og anna skilt og oppmerkingstiltak. 

Les meir i lenke: https://www.vestlandfylke.no/fylkesveg/trafikktryggleik/innspelsloysing-til-trafikksikringstiltak/ 

 

Trafikkulykker i Solund og Norge

Det er størst trafikkmengde i kommunesenteret, og elles på hovudvegen mellom Krakhella og Daløy. Det er ikkje gjort målingar på vegen, men det finnast nøyaktige tal på ferjetrafikken. Det har ikkje vore registrert dødsulykke i Solund etter statistikken som går tilbake til 1978, men det har vore registrert ei trafikkulykke i same periode med ein alvorleg personskade (2015). Av 34 ulykker i perioden 1978 – 2021 skjedde 59 % av ulykkene i møteulykker i kurve, og 29 % av ulykkene var einsleg køyretøy utanfor veg. 

Nasjonal statistikk syner at medverkande årsak til dødsulykker i perioden 2012 – 2021 oftast heng saman med faktorar knytt til førar. Dette omfattar blant anna manglande førardyktigheit (49 %), høg fart (33 %), ruspåverknad (22 %) og trøttleik/ sovning (15 %). Veg og vegmiljø var medverkande i 29 % av ulykkene. I tillegg er manglande eller feil bruk av bilbelte, MC-hjelm og sykkelhjelm viktige faktorar som medverkar til skadeomfanget. Andre faktorar som er nemnt er stor skilnad på vekt og energimengde mellom køyretøy, og manglande innebygde sikkerheit i køyretøy peika på