Høyring plan for friluftslivets ferdselsårar, og ro- og padleruter

Vi har kartlagt ferdselsårer for friluftslivet, og ro- og padleruter.  Sei di meining om prioriteringar og planen elles! Høyringsfrist 1. september. 

Solund formannskap legg plan for friluftslivets ferdselsårar, og ro- og padleruter ut på høyring. Høyringa vert gjort lokalt gjennom dei vanlege høyringskanalane. 

Målet med ordninga plan for friluftslivets ferdselsårar er eit verkemiddel for å identifisere, ivareta og utvikle stiar, turvegar, løyper og leier som er viktige og skal bli lett tilgjengeleg for alle. Dette skal gjerast ved å betre kunnskapsgrunnlaget, fremje planlegging av samanhengande nettverk av friluftslivets ferdselsårer (turvegar, turstiar, turløyper og lei) i kommunane, opparbeide og rehabilitere ferdselsårer i friluft, og skilting og merking av desse. Solund kommune gjorde vedtak om å starte opp arbeidet i 2020.

Organisering

Solund kommune gjennomfører dei to prosjekta parallelt, med same organisering, medverknadsprosess og tidsplan. Det vert løyste med ei felles økonomisk ramme. Det er Solund kommune som eig planen og er prosjektleiar, medan det er Fjordane Friluftsråd som er fagkonsulent for arbeidet og som utarbeider plandokumenta. Det vert nytta ei ressursgruppe i arbeidet som er sett saman av Ytre Sogn Turlag, Fjordkysten regional- og geopark, Visit Fjordkysten, Solund Idrettslag, Fjordane Friluftsråd og Solund kommune.

Klassifisering av turstiar

Ferdselsårene på land er kategorisert i A-, B-, C-, D- og E-stiar. Kategoriane er knytt til ulike eigenskapar som seier om dei er prioriterte eller ikkje. A-stiane er prioritert først, medan E-stiane vert ikkje prioritert. Nokre av dei kartlagde ferdselsårene er ikkje inkludert i desse kategoriane. Dette kan vere fordi dei ikkje eksisterer i dag og må etablerast, eller fordi ein ikkje ynskjer å fremje turforslaget. Denne prioriteringa gjeld for prioriteringa av arbeid med stiane, og bruk av utstyr og økonomiske midlar, i regi av Solund kommune / Fjordane Friluftsråd. Dette kan ein lese meir om i plandokumentet.Stiane som er prioitert øvst (A) er: Stigfjellet, Krakhellenipa, Urdanipa, Husefjellet i Nessa frå Eide, Pollatinden, Sognesjøhytta, Hammarstakken, Ramnenipa opp frå sør, Håfjellet og Sperrefjellet. 

Gje høyringsinnspel

Du kan gje innspel til planen ved å sende e-post til post@solund.kommune.no, eller sende per post til Solund kommune, Hardbakke 26, 6928 Kolgrov. Høyroingsfristen er sett til 1. september 2024. Merk e-posten med: “ Friluftslivets ferdselsårar”.

Lenker

  • Solund kommune Plan for friluftslivets ferdselsårar, og ro- og padleruter (lenke)
  • Tiltak for ferdselsårar i Solund kommune (lenke)
  • Kartlagde ferdselsårar i prosjektet (lenke)
  • Silingsdokument for innspel til friluftslivets ferdselsårar og ro- og padleruter 13.05.2024 (lenke)
  • Politisk sak høyring (lenke)