Møte i Solund kommunestyre 03.04.2025

Solund kommunestyre vert kalla inn til møte torsdag 3 april klokka 09.00 i Solund Grendahus

Tilskot til til verdiskaping i kulturmiljø

Riksantikvaren lyser ut tilskot til verdiskaping i kulturmiljø. I 2025 vil søknader for kysten og landbruket bli prioritert. Søknadsfristen er 31. mars 2025.  Du kan lese meir om tilskotet på Riksantikvaren si nettside: lenke .

Enkle møteplassar eller småtreff for vaksne

Kan ditt lag vere med å lage enkle møteplassar eller småtreff for vaksne? Slike treff er ynskja. Då kan kommunen sponse kaffien og rømmegrauten i år.

Vegarbeid fv 606 Gylta

Det tidlegare varsla arbeidet med utbetring av Gyltesvingen er no starta opp og vil etter planen vere ferdig 10.07.2025  

Utforsk Solund - eit paradis for natur- og eventyrlystne og jobbsøkjarar

Med sine 1700 øyar, holmar og skjer, er Solund eit perfekt reisemål for unike naturopplevingar. 

Kunngjering eigedomsskatt 2025

I medhald av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for år 2025, sak 073/24 og med heimel i eigedomsskattelova § 15, legg ein ut eigedomsskattelistene til offentleg gjennomsyn i seks veker frå 26. februar 2025.  

Musikkstipend for barn og unge - søknadsfrist 01.04.2025

  Er du musikkinteressert? Då kan du som er mellom 12 og 19 år, eller gruppa di, søke musikkstipend.  Søknadsfristen for tildeling på hausten er 1. april 2025  

Møte i Solund Formannskap og Solund kommunestyre

Solund formannskap er kalla inn til møte tysdag 25. februar kl 16.00 Solund kommunestyre er kalla inn til møte tysdag 25. februar kl 17.30 Begge møta vert i Solund Grendahus

Driftstilskot 2026– kultur og folkehelse

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til drift av etablerte organisasjonar med eit tydeleg føremål innan kunst, kultur, idrett, friluftsliv, inkludering og folkehelse som har ein sterk regional, fylkesfemnande eller nasjonal verdi og hovudaktivitet i Vestland fylke.

Kikhoste er oppdaga i Solund

Det er no fleire tilfelle av kikhoste i Solund kommune. Her finn ein informasjon om kikhoste, symptom, behandling og kva vi kan gjere for å førebygge sjukdommen.