Lokalsamfunnet inn i skulen

4.-6.oktober fekk elevane på Solund barne- og ungdomsskule nokre litt annleis skuledagar. I samband med at dei aller fleste lærarane hadde studiedagar og var bortreiste, tok andre tilsette i Solund kommune, i samarbeid med lokalt næringsliv og nokre lag/organisasjonar, ansvar for undervisninga.

Nytt skulebygg med bibliotek ved Solund barne- og ungdomsskule vert realisert

2. oktober 2023 vart  kontrakta for nytt skulebygg og bibliotek signert . Det er Åsen og Øvrelid som har fått oppdraget, og kontrakten har ein verdi på 73.388.000,- pluss prisstigning. Det totale prosjektet får ei totalramme på 96.266.030,-.

Valresultat kommunevalet 2023

Solund valstyre har gjennomført endeleg oppteljing av stemmene ved kommune- og fylkestingsvalet. 

Nytt skulebygg med bibliotek

Eg vart så glad for vedtaket om nytt skulebygg at eg måtte felle nokre gledestårer då eit samstemt kommunestyre gjorde vedtaket og ordføraren kunne klubbe eit positivt vedtak, seier rektor Gunnlaug Osvoll Røed.

Ein stor dag for næringstransport i Solund

I løpet av 23. og 24. august har NCC på vegner av Vestland fylkeskommune, både starta og ferdigstilt arbeidet med fresing av dekke og asfaltering av veg i to tunellar i Solund. Målet er å auke køyrehøgda i tunellane, noko som vil tillate meir fleksibilitet i val av køyretøy.

Solund for alvor på 5G-kartet

Stadig større del av Solund kommune har no fått moderne samband etter at fem av i alt 14 basestasjonar i øykommunen er oppgraderte. Ein del arbeid står att, men ambisjonen er at alle basestasjonane skal ha 5G neste år.

Signerte brukontrakt Ytre Steinsund bru

Vestland fylkeskommune signerte i dag kontrakt med Skanska AS om bygginga av Ytre Steinsund bru i Solund.

Boligdugnaden.no - rettleiing til private som skal leige ut

For å gjere det enklare for privatpersonar å leige ut bustad, lanserer DiBK nettsida boligdugnaden.no. Nettsida er utvikla i eit samarbeid mellom Direktoratet for byggkvalitet (DiBK), Husleietvistutvalget (HTU) og Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD).

Retningslinjer kommunal kai på Hersvik

No nermar sommaren seg att og det er fleire og fleire som nyttar seg av kaiene på Hersvik. Ein ynskjer difor å minne om retningslinjene som gjeld for bruk av disse. Dersom alle følgjer desse retningslinene og fortøyer hensynsfullt, vil fleire få nytte av kaiene gjennom sommeren

Marine grunnkart er publisert

Marine grunnkart for Solund er delvis publisert.  Lenke til meir informasjon