Solund kommunestyre 2023 - 2027

Torsdag 26.10.2023 hadde det nye kommunestyre sitt fyrste møte. Gunn Åmdal Mongstad vart samrøystes vald til ordførar for ein ny periode! Ho startar såleis på sin femte periode som ordførar i Solund, med John Sigfred Hugøy som ny varaordførar.  

Midlertidig skule på plass

Onsdag 18. oktober, blei siste modul på den midlertidige skulen heist på plass.

Lokalsamfunnet inn i skulen

4.-6.oktober fekk elevane på Solund barne- og ungdomsskule nokre litt annleis skuledagar. I samband med at dei aller fleste lærarane hadde studiedagar og var bortreiste, tok andre tilsette i Solund kommune, i samarbeid med lokalt næringsliv og nokre lag/organisasjonar, ansvar for undervisninga.

Nytt skulebygg med bibliotek ved Solund barne- og ungdomsskule vert realisert

2. oktober 2023 vart  kontrakta for nytt skulebygg og bibliotek signert . Det er Åsen og Øvrelid som har fått oppdraget, og kontrakten har ein verdi på 73.388.000,- pluss prisstigning. Det totale prosjektet får ei totalramme på 96.266.030,-.

Kronprins Haakon besøker Solund

Torsdag 28. september, fekk Solund besøk av HKH kronprins Haakon. Dette er første gongen Kronprinsen vitjar Solund i offisielt ærend. Kronprinsen steig i land på Hardbakke kai kl. 10:00 og vart teken i mot av ordførar Gunn Åmdal Mongstad, statsforvalter Liv Signe Navarsete og visepolitimeister Arne Johannessen. Solund skulemusikk spelte, og publikum tok i mot kronprinsen med vaiande flagg.  

Utbetring på Rysjedalsvika ferjekai

Solund kommune har motteke melding om utbetring av betongdekket på Rysjedalsvika ferjekai. Dette kan medføre problem for større køyretøy. Meldinga frå Vestland fylkeskommune er som fylgjer:

Valresultat kommunevalet 2023

Solund valstyre har gjennomført endeleg oppteljing av stemmene ved kommune- og fylkestingsvalet. 

Nytt skulebygg med bibliotek

Eg vart så glad for vedtaket om nytt skulebygg at eg måtte felle nokre gledestårer då eit samstemt kommunestyre gjorde vedtaket og ordføraren kunne klubbe eit positivt vedtak, seier rektor Gunnlaug Osvoll Røed.

Ein stor dag for næringstransport i Solund

I løpet av 23. og 24. august har NCC på vegner av Vestland fylkeskommune, både starta og ferdigstilt arbeidet med fresing av dekke og asfaltering av veg i to tunellar i Solund. Målet er å auke køyrehøgda i tunellane, noko som vil tillate meir fleksibilitet i val av køyretøy.

Solund for alvor på 5G-kartet

Stadig større del av Solund kommune har no fått moderne samband etter at fem av i alt 14 basestasjonar i øykommunen er oppgraderte. Ein del arbeid står att, men ambisjonen er at alle basestasjonane skal ha 5G neste år.